Alliansen Ny Landbrukspolitikk på høyring om regjeringa si jordbruksmelding

Regjeringa og landbruksminister Jon Georg Dale lanserte i desember 2016 den nye jordbruksmeldinga “Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon”. Torsdag 19. januar deltok styremedlem Kathrine Kinn på høyring i Stortingets næringskomite og la fram innspel til jordbruksmeldinga på vegne av Alliansen.

ANL meiner at stortingsmeldinga som regjeringa presenterer er alt anna enn framtidsretta. Ho er basert på eit einsidig fokus på kostnadseffektivitet og vil ikkje vere i stand til å ta norsk landbruk i den naudsynte bærekraftige retninga. Tiltaka som regjeringa foreslår vil svekke landbruket si enormt viktige rolle som leverandør av ei rekkje essensielle samfunnsgoder: distriktspolitisk verdiskaping, biologisk mangfald og som ein produsent av trygg mat basert på norske ressursar. Grunna topografi, vêrforhold og lønsnivå er rett og slett ikkje norsk landbruk konkurransedyktig med andre europeiske land og dette bør heller ikkje vere hovudmålet. Vi meiner at norsk matproduksjon som ivaretek desse omsyna er verdt å betale for. Regjeringa sitt forslag vil utvilsomt føre til ei sentralisering av landbruket og då vil viktig agronomisk kunnskap i distrikta gå tapt.

Framover skal vi halde fram med å jobbe for at det foreslåtte hovudmålet om kostandseffektivitet vert avvist. Vi krev ei jordbruksmelding som legg til rette for å auke den reelle sjølvforsyningsgrada, som bidreg til rekruttering og gjer auka utnytting av utmarksbeite attraktivt.

Les heile innspelet vårt her

Sjå opptak av ANL sitt munnlege innspel på høyringa i Stortingets nett-TV her

One thought on “Alliansen Ny Landbrukspolitikk på høyring om regjeringa si jordbruksmelding”

  1. Regjeringa benytter nok en gang anledninga til a angripe familielandbruket, sier leder i Ostfold Bondelag, Martha Mjolnerod.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *