ANL i Nationen: “Krev høgare prisar og mindre import”

Alliansen ny landbrukspolitikk var i Nationen 31. mars. 2017.

Sju ungdoms- og miljøorganisasjonar vil ha ny kurs i landbrukspolitikken med auka sjølvforsyning, meir bruk av jord og høgare matprisar.

Torsdag kveld lanserte Alliansen ny landbrukspolitikk si alternative jordbruksmelding. Bak alternativet står sju ungdoms- og miljøorganisasjonar. Kathrine Kinn, som har koordinert arbeidet, seier dei ønsker ein heilt ny kurs i landbrukspolitikken.– Vi vil ha ein heilt ny kurs. Det overordna målet er å uke den reelle sjølvforsyningsgraden. Vi må utnytte ressursane vi har her i landet framfor å importere frå land med svært skeiv jordfordeling. Det har med solidaritet og rettferd å gjere, men òg av omsynet til klima og biologisk mangfald må vi ta meir av arealet her i landet i bruk, seier Kinn, som òg er styremedlem i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.

Vil ha fleire bønder

I den alternative jordbruksmeldinga er det ifølgje Kinn ikkje sett eit konkret mål for auken i sjølvforsyningsgraden. Kinn seier det blir behov for fleire bønder for å klare oppnå målet.- For å utnytte ressursane treng vi fleire bønder, ikkje færre slik utviklinga er i dag. Det må satsast på både deltids- og heiltidsbønder, seier Kinn.Ho vedgår at det truleg vil krevje større samla ressursbruk.

– Ja, mat er det viktigaste vi brukar pengar på. Vi må investere i matproduksjonen, seier ho.

Tilskotsnivået har dei ifølgje Kinn ikkje omtalt. Tanken er ifølgje Kinn å auke inntektene frå marknaden gjennom å ta i bruk handlingsrommet i tollvernet. Det kan gi høgare matprisar.

– I staden for å ha eit mål om at jordbruket skal vere mest mogleg kostnadseffektivt, så må det å produsere sunn og trygg mat vere det viktigaste. I dag bruker vi lite av inntekta vår på mat. Vi går inn for at handlingsrommet i tollvernet skal brukast. Det vil gjere det lettare å oppnå det vi ønsker, seier Kinn.

– Er forbrukarane villige til å betale meir for maten?

– 92 prosent ønsker å behalde ein matproduksjon på dagens nivå. Då bør dei vere villige til å betale for det, seier Kinn.

– Uheldig billigmatfokusKinn seier landbrukspolitikk og korleis maten blir laga bør engasjere breiare. Ho viser til vekst for andelsjordbruk, stor lokalmatinteresse og nye koplingar mellom forbrukar og produsent.

– Vi må fortelje dei gode historiene. Klimaet her gir oss færre sjukdomar og friske dyr. Vi må vise forbrukarane at det er mykje bra med norsk landbruk, seier ho.

Anna Karlsson supplerer.

– Det vi har grunnlag for å produsere i Norge bør ha eit godt tollvern. Vi synest nordmenn godt kan bruke ein større del av inntekta på mat, men norsk mat må ikkje bli så dyr at den blir utkonkurrert. Det vil gi auka import og det er ikkje ønskeleg, seier ho og legg til:

– Fokuset til matkjedene på billigast mogleg mat er svært uheldig. Vi ønsker best mogleg mat, seier Karlsson, leiar i Spire.

Kinn seier auka kraftfôrpris og at tilskota må flyttast frå produksjonsvolum og bygningar til bruk av jord er viktige tiltak. Ho seier utmarka må nyttast meir, men alliansen har ikkje tatt stilling til rovdyrpolitikken.

– Eg ser det kan vere vanskeleg å seie at vi vil auke bruken av utmarka utan å seie noko om rovdyr, men der har organisasjonane ulikt syn, seier Kinn.

Sjølvforsyning

«Vi vil ha ein heilt ny kurs. Det overordna målet er å auke den reelle sjølv­forsyningsgraden.»

Forfatter: Bjarne Bekkeheien Aase

Klikk her for å lese saken i sin helhet.

Les vår alternative landbruksmelding!

Som et motsvar på den nye Jordbruksmeldinga og i et forsøk på å dreie jordbrukspolitikken i en mer bærekraftig retning har Alliansen Ny Landbrukspolitikk (ANL) skrevet en alternativ landbruksmelding. I denne meldingen tar vi for oss utfordringene jordbruket står ovenfor, vår visjon for et mer bærekraftig jordbruk i Norge, samt viktige steg på veien dit.

Vår alternative landbruksmelding kan du lese ved å trykke her!