Lansering: Seterpolitisk melding!

Foto: Maria Melhus

Alliansen ny landbrukspolitikk har dei siste månadane jobba iherdig for å få ihop Seterpolitisk melding. Det er eit politisk dokument som prøver å syne nokre nye vegar for eit jordbruk på feil kurs. Me ynskjer at seterdrifta må få eit lyft for å skape gode lokale levestader for folk, fe, insekt og plantar. Me i ANL har ei felles forståing for er at kapitalintensiv, industriell stordrift i landbruket ikkje svarar godt til samtidas og framtidas sosiale og miljømessige utfordringar, og at frihandel med mat ikkje kan løyse verdas fattigdoms- og matforsyningsproblem. Her kan du lese sjølve meldinga: