Alliansen Ny Landbrukspolitikk sitt innspel til høyring om Klimakur 2030


Innspela våre går til dei delane av Klimakur som handlar om jordbruk. Overordna vil me åtvare mot å bruke klima som argument for å forsvare eit industrialisert jordbruk, me opplever at industrialisering går ut over beredskap og berekraft etter andre faktorar. Areal ut av drift bør unngås – mindre volumintensiv drift av jorda og heller fleire tiltak for biologisk mangfald og jordfruktbarheit må vera betre enn reduksjon i jordbruksarealet. Fleire hender i jordbruket gir betre beredskap og evne til miljøomstilling enn færre. Og dyrare kjøtproduksjon er smartare enn avgift på kjøt i sluttleddet.

Overordna vil me åtvare mot å bruke klima som argument for å forsvare eit industrialisert jordbruk, me opplever at industrialisering går ut over beredskap og berekraft etter andre faktorar. Areal ut av drift bør unngås – mindre volumintensiv drift av jorda og heller fleire tiltak for biologisk mangfald og jordfruktbarheit må vera betre enn reduksjon i jordbruksarealet. Fleire hender i jordbruket gir betre beredskap og evne til miljøomstilling enn færre. Og dyrare kjøtproduksjon er smartare enn avgift på kjøt i sluttleddet.

Forøvrig meiner me Klimakur gir mange gode svar på ei naudsynt omstilling for å ta vare på eit leveleg klima for framtida. Ingen av våre argument må tolkas dit at me vil lempe på måloppnåing for reduksjon av klimagassutslepp. Me berre understreker viktigheita av å tenkje berekraft etter fleire faktorar samtidig.

Positivt med tiltaksliste for klimaomstilling

Alle sektorar, herunder jordbruket, må bidra i den gigantiske dugnaden for å unngå katastrofale klimaendringar. Det er positivt at det er vorte samanstilt eit breidt kunnskapsgrunnlag for klimatiltak. Me opplever at Klimakur anerkjenner at klimaeffektane av ulike tiltak kan vera vanskeleg å rekne, fordi ein endå ikkje har nok forsking innan alle felt. Det kan godt hende ein ikkje rekk å opparbeide seg heller før omstillinga må vera godt i gong. Difor er det også viktig å vurdere tiltaka som ein forventar gir god klimaeffekt, sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kor mykje – særleg når dei ukvantifiserte tiltaka stemmer godt overens med god agronomi forøvrig. Klimakuren må vera fleksibel og bruke agronomisk og forskingsmessig skjønn ved fråvær av komplette talgrunnlag.

Fokus på sjølvforsyning

Eit av jordbrukets primærmål er å sikre matsuverenitet, altså ein høgast mogleg sjølvforsyning av matvarer for det norske folk – noko som kan koplast både mot berekraft, solidaritet og beredskap. Norges sjølvforsyningsgrad er i dag under 40%. Styrking av sjølvforsyninga må med når me no søkjer omlegging av norsk jordbruk. Omlegginga må ta utgangspunkt i ein heilskapleg og ressurseffektiv tankegang. Auka selvforsyning må samsvare med lågare klimagassutslipp fra jordbruket. Importavhengigheit er korkje god klima-, jordbruks- eller beredskapspolitikk. 

Klimatiltaka må integrerast med andre, viktige miljøtiltak

Klima er éin av fleire truslar i ei djupare, økologisk krise. Å poengtere det betyr ikkje at klima skal neglisjerast for å innfri andre berekraftsmål. Tvert om er det ein føresetnad for å løyse andre kriser at klimaet ikkje kollapsar. Men me reddar ikkje verda av å stanse klimakrisa åleine, særleg når det kjem til jordbrukssystema. Naturkrisa, derunder insektdød, attgroing og avskoging, ferskvasskriser i alle kontinent og krisa med hurtig degradering av fruktbar jord må alle løysast samtidig. I tillegg skal me forsørgje ei vaksande verdsbefolkning. 

Nokre tiltak løyser eitt problem og skapar andre. Når me stakar ut kursen for eit nytt jordbrukssystem er det avgjerande at me finn tiltaka som løyser fleire problem samtidig. Eit openbart døme er regenerativt jordbruk – bygging av karbonrik jord med rikare biologisk mangfald, høgare vasslagringsevne og evne til å tole ekstremvêr. Andre tiltak er smart gjødselhandtering, mangfald i produksjonssystemet og å redde matsvinn og neglisjerte ko-produkt gjennom heile verdikjeda. Klimakur 2030 er innom mykje.

Drøvtyggjaren er eit problem om dei blir for mange eller nyttar feil ressursgrunnlag, som er tilfelle for svært mykje norsk produksjon i dag. Redusert forbruk av raudt kjøt er eit tiltak som kan gje betre berekraft etter fleire faktorar samtidig, men kor suksessfull berekrafta blir ved dette tiltaket kjem an på korleis ein kuttar kjøtet. Det fyrste som bør skje er ein kraftig reduksjon i drøvtyggjaranes forbruk av kraftfôr. Vidare bør fôropptaket frå utmark og marginal innmark aukast på kostnad av innmark med høgare kvalitet, særleg om sommaren, sjølv om dette kan bety lågare grovfôrkvalitet. Innmarka bør nyttast til plantematproduksjon og vinterfôr. Deretter bør ein syte for at drøvtyggjarane får bidra med sine særskilde eigenskapar til positive synargiar i produksjonssystemet – som krinslaup, input-reduksjon og jordbygging, gjennom holistisk beiting, vekstskifte og omfordeling av møk. 

Det er noko uklårt for oss kva Klimakur meiner skal skje med konsumet av husdyrprodukt frå einmaga dyr. Dei er i liten grad nevnt. Einmaga dyr avheng av kraftfôr, og kan ikkje spele same positive rolle i eit agroøkosystem som ein drøvtyggjar. Me har også i Norge begrensa moglegheit til å produsere kraftfôr i takt med det auka kraftfôrforbruket. Forbruket av kylling, svin og egg bør difor reduserast kraftig, og dette ser me på som vel så viktig som reduksjon av raudt kjøt. Det same kan me seie om laks. Lakseoppdretten krev fiskefôr av høgste kvalitet, både soya, raps og villfanga fisk – menneskemat. Klimarekneskapet kan vere så godt som det vil, men laksen gjer ikkje god ressursnytting eller berekraft etter andre faktorar. Klimakur peiker på fisk som ein av varene me skal erstatte raudt kjøt med, og det kan me vera eit stykke på veg einige i, men konsumet av laks bør ned.

Nokre fleire tiltak burde med i Klimakur

  • Regenerativt jordbruk
    Klimakur bør leggje fram eit større mangfald av tiltak som bidreg til regenerativt jordbruk / karbonbinding i jord, og kan mellom anna hente inspirasjon frå Nibio sin rapport Muligheter og utfordringer for økt karbonbinding i jord. Kunnskap på dette feltet er under utvikling, og Klimakur bør oppdaterast fortløpande med ny forsking på feltet.

  • Vekstskifte og kløver som kunstgjødselerstatting
    Produksjon av mineralgjødsel er utsleppsintensivt. Bruk av biologiske prosessar for å fiksere nitrogen frå lufta er eit enkelt og effektfullt tiltak for å redusere behovet for kunstgjødsel, som dessutan har positive effektar på jordas fruktbarheit.

  • Redusert yting for mjølkekyr
    Meir av storfekjøtet bør kome frå dyr som har produsert både kjøt og mjølk. Kombikua har vore Norges klimafortrinn gjennom fleire tiår, fordi den gir fleire produkt på færre innsatsfaktorar. Ammekuutviklinga i Norge er soleis uheldig, då desse gir berre eitt produkt. No utgjer ammekyr ⅓ av Norges storfe, og andelen aukar i takt med at det blir færre og meir høgtytande mjølkekyr. Høgtytande mjølkekyr treng også mykje meir kraftfôr og protein, og er skuld i over halvparten av jordbrukets importerte kraftfôrråvarer, herunder soya. Det er openbare klimaeffektar, så vel som andre miljøeffektar, ved å gå vekk frå den intensive mjølkekua og få andelsmessig fleire mjølkekyr og færre ammekyr.

  • Kastrering av oksar
    Klimakur peiker på beiting som eit klimatiltak. Maskiner slepp å hauste fôret, fordøyeligheita på særleg friskt beite er god, og innmark kan frigjerast til å produsere plantemat til menneske. Oksar over 6 mnd tek i dag ikkje del i beitinga, fordi dei er for farlege. Kastrerast dei kan dei beite – altså nytte andre fôrressursar og bidra i større grad til karbonbinding i jord gjennom holistisk beiting.

  • Matsvinn frå produksjonsleddet
    Klimakur viser til bransjeavtala for matsvinn, og korleis butikkar, serveringsbransje og forbrukarar kan bidra til redusert matsvinn. Me meiner Klimakur også i større grad bør undersøke potensialet for redusert matsvinn frå produksjonsleddet. Om ein nytter heile dyret kan ein gje fleire måltid på færre dyr. Det ligg ei stor ressurssløsing med påfølgande klimaavtrykk i kassering av kje og høner. Frukt, bær og grønt med “ugunstig størrelse eller fasong” blir i stor grad degradert til dyrefôr eller kompost, eller verandes att på jordet. Potensialet for utsleppskutt som ligg i å sørgje for at desse blir menneskemat bør utgreiast, og tiltak for å realisere det foreslås.

Leave a Reply

Your email address will not be published.