Reisebrev frå Østerrike-tur

Kva kan Norge lære av jordbruket i Østerrike?

Med dette spørsmålet i hovudet reiste representantar frå ANL saman med Per Olaf Lundteigen, og Christian Zurbuchen som reiseleiar til nettopp Østerrike. Med midlar frå m.a. TINE, Felleskjøpet og Q-meieria var det sett opp eit reiseprogram med både gardsbesøk, jordbrukspolitiske postar og besøk på ein jordbruksskule

Torsdagkveld, den 14. september, landa vi i Zürich og gruppa møttast på eit hotell der vi gjorde oss klare for neste dag. Då gjekk turen med minibuss til Østerrike, og Zurbuchen, som kjem frå Sveits, fortalde oss om det sveitsiske jordbruket som passerte på utsida. Han fortalde mellom anna om eit slakteprosjekt der ein skulle unngå frakt av levande dyr.

Etter nokre timar køyrde minibussen vår over grenseelva Rhinen og inn på tunet til jordbruksskulen i Voralberg. No var vi altså komme til Østerrike, og det vestlegaste “Bundesland” eller fylke. På landbruksskulen møtte vi ein frå departementet som fortalde oss om jordbrukspolitikk i regionen og landet. Vi fekk høyre om korleis den høge sjølvråderetten i bundeslanda ga moglegheit til at ein lokalt kunne gjere tiltak som opprettheld eit jordbruk i distrikta og fjellregionen, trass medlemskap i EU.

Det blei gjeve tilskot til bøndene i fjellet for å kompensere for meir krevjande driftsforhold. Eit anna sentralt virkemiddel for å oppretthalde gardsbruka, og eit levane bygdesamfunn, var ei storsatsing på deltidsbonden. Så mykje som 80 % av bøndene i Vorarlberg er deltidsbønder. Skulesystemet bygde grunnmuren for å få til dette velfungerande fleirsysleriet. I Østerrike er skulesystemet lagt opp slik at ein kan starte på yrkesskule når ein er 13-14 år. Etter å ha gått t.d. jordbruksskule i 3 år, kan ein bygge på med endå ei yrkesutdanning på to år, slik at ein sit med to yrkesutdanningar når ein er 19 år. Dette gjer at den framtidige bonden slepp å gå på kompromiss med jobben utenfor garden, men vil til dømes vere både ein flink bonde og ein god snikrar.

Dei to neste nettene hadde vi tilhold her nede i Rindalen, og farta i kring i regionen på dagtid. Det første stoppet var Bregenzerwald, eit av distrikta oppe i fjellet. Her vitja vi ein familie som dreiv med økologisk mjølkeproduksjon. Med sine 25 kyr leverte de høy-mjølk, produsert utan kraftfôr og silofôr, til eit lokalt ysteri. Det er vanleg praksis i område å levere til lokale ysteri på denne måten. Det sikrar lokal produksjon av ost, arbeidsplassar i distrikta og gjer ein stoltheit over matproduksjonen hjå folk. Vidare var vi innom Handtverkshuset, og fekk sjå korleis handtverkarane samarbeida med både nye og tradisjonelle teknikkar. Det var inspirerande å sjå at korleis handtverkaren her har høg status. Folk var opptatt av å bruke lokale handverkarar heller enn billeg importert arbeidskraft.

Siste dag gjekk turen vår først til eit småbruk i lisida av Rhindalen. Dei dreiv ein familiegard med 10 mjølkekyr, nokre høner og grønsaker. Tross små einingar hadde dei valt å satse, nyleg hadde dei investert i nytt flott trefjøs med m.a. traverskran for høyet. Så gjekk turen til ein storbonde i dalbotn. Bøndene i sida fekk mykje stønad for å ha moglegheit til å halde drifta i gong, medan dei som hadde gode forhold fekk mindre stønad. På denne garden som vi no var komme til, var det stordrift med gris. Dei siste åra hadde bonden gått ned i tal gris, og heller satsa på å ha dei ute(på terrasse), i tillegg til å slakte i eige slakteri på garden.

Når turen var ferdig satt vi att med ei kjensle av at vi i Noreg kan få mykje att av å sjå til Vorarlberg. Å bygge opp under yrkesfag-arbeidarane er noko av det viktigaste. Får ein til eit utdanningsløp som gjer bonden moglegheit til både å ta utdanning innan bondeyrket, men også eit sideyrke, løftar vi nok status til bonden. I tillegg var det kjekt å sjå kor stolte folk var av, ikkje berre den lokale maten, men også den lokale arbeidaren. Meir produksjon i distrikta gjer eit betre distriktsmiljø. Eit betre distriktsmiljø skapar eit betre fundament for bøndene, og eit betre fundament for bøndene aukar produksjonen i distrikta. La oss følge Østerrike i denne gode runddansen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.